Skip to main content

Norskpluss A1-A2-B1 nynorsk

kr2390kr10890

Beskrivelse

Omtale

Norskpluss A1-A2-B1 nynorsk:

Dette kurset er veldig bra for dei som ønsker å bli betre i nynorsk og for dei som vil førebu seg til norskprøven, og då spesielt Norskprøven. I tillegg har du Skype-samtalar eller samtalar på Google Meet med ein av norsklærarane våre som kan hjelpe deg med både det munnlege og skriftlege. Kurset har spesielt fokus på skriftlege oppgåver som kan sendast til lærarane som rettar oppgåvene og vurderer nivå.

Ved å bestille dette kurset, får du tilgang til fire kurs:

– Norskpluss A1
– Norskpluss A2
– Norskpluss B1

– Grammatikkurs B1

Test kurset her!

A1 DEMO

A2 DEMO

B1 DEMO

Norsklærarane som underviser i nynorsk heiter Elisabeth Kristi og Eli. Elisabeth Kristi og Eli kjem begge frå vestlandet.

ELISABETH KRISTI: Elisabeth har jobba som lærar i 15 år. Ho har mastergrad i tysk, mellomfag i engelsk, norsk som andrespråk og sosiologi grunnfag. Elisabeth har jobba både i vidaregåande skule og i grunnskule. Dei siste åra har ho undervist norsk og samfunnsfag på vaksenopplæringa. Ho trivst veldig godt i jobben.  Elisabeth har sidan 2014 vore sensor på munnleg norskprøve.

ELI: Nå jobbar Eli som  lærar på Sogndal opplæringssenter, og ho utviklar også nettkurs på nynorsk. Eli er utdanna lærar frå Sogndal lærarhøgskule, og ho har spesialisering i fleirkulturell forståing og norsk frå Høgskulen i Sogn og Fjordane. Eli har vore munnleg sensor på alle nivå sidan 1998, og har mykje erfaring innan dette feltet som du kan nytte deg av.

 

Ønsker du gode tips frå Elisabeth Kristi eller Eli for å bli betre i nynorsk, bør du ta eit kurs i nynorsk hos oss!

 

Samtaletrening:

Om du ønsker å øve på å snakke dialekt kan Elisabeth Kristi og Eli hjelpe deg med det.

Bestill samtaletimar med ein nynorsklærar her.

Alle våre kurs har tidsbestemte periodar

Når du bestiller eit kurs hos oss, er det for ein tidsbestemt periode. Når kurset startar og sluttar, står tydeleg spesifisert i e-posten du får når du kjøper kurset.

Kurset har altså ein startdato og ein sluttdato. Du kan ikkje bruke kurset etter sluttdatoen, men du kan forlenge kurset ved å kjøpe fleire månader. Viss du forlenger kurset, vil resultata dine vere lagra, og du kan fortsette som før. Dersom du ikkje bruker kurset i kursperioden, kan ikkje kurset opnast igjen for deg seinare. Då må du kjøpe nytt kurs for å få tilgang igjen. Vi kan ikkje sette kurset på pause viss du er sjuk eller skal på ferie. Dette betyr at kursperioden ikkje kan stoppast når han har starta.

Lignende produkter

Min Vei A1-C1 12 mnd / 550 timer

Engelsk uttalekurs

B1 skriftlig webinar FILM

Kontakt